"Meir enn tusen ord."

Kristoffer Nærø Ytterland

Prisar og betingelsar

 

Prisar:

 

Konfirmantfoto: kr 3000.

Nyfødtfoto: Kr 3500.

Barnefotografering: kr 3000 for eitt born. 300 ekstra per born.

Familiefotografering: kr 5000. Familiebilete samt bilete av kvar enkelt born.

Bryllup: kr 12000 for fotografering i kyrkja og brudeparbilete etterpå.

 

I desse prisane får du alle dei bileta eg meiner er bra levert på dvd. Det vert ofte rikeleg med bilete. Om du ynskjer det får du også nokre av bileta i svart/kvitt eller andre fargefilter.

 

Betingelsar:

 

Kunden har rettigheitar til å framkalle ubegrensa med bileter, i ulike størrelsar. Kunden kan kun bruke bileta til personleg bruk. Det er etter overlevering av DVD kundens ansvar å sørge for sikkerheitskopiering av filene. Eg fråskriver meg alt ansvar for dette, og kan ikkje garantere for at eg oppbevarer filene.

 

Om nokon av bileta vert publiserte i sosiale medier som t.d Facebook, som bilete i avis eller publiserast offentlig, skal dette merkast med mitt navn og link til heimeside, slik; Fotograf: Kristoffer Nærø Ytterland, www.meirenntusenord.com.

 

Eg er oppteken av at folk skal vere fornøgde med mi tjeneste. Om kunden ikkje finn bilete han likar eller er misfornøgd av ein annan grunn, skal han ikkje betale, utan diskusjon.

 

Betaling for bilete skal betalast til konto før utlevering av DVD med bilete.

 

Slik vert fotograferinga gjennomført:

 

På oppdraga vil eg ta med Ann-Sofi Nærø Ytterland, kona mi, til hjelp med oppstilling, styling o.l Slik vil eg kunne konsentrere meg om å ta bilete, medan ho hjelper til og vert einige med modellane, motiva om korleis bileta skal arrangerast.

 

Kunden skal vere med i prosessen og seie noko om korleis han vil ha bileta. Eg er opptatt av å skape tryggheit og ro med kundane og vil ta meg god tid under oppdraga. Eg bruker helst naturleg lys og samarbeidar med kunden om å finne dei rette omgjevnadane. At kunden har ein grei oppleving er viktig for resultatet.

 

Svart arbeid?

 

Ein har anledning å ta betalt for sine tjenester som hobbyfotograf så lenge inntekta frå dette arbeidet ikkje overskrider utgiftene. Eg bruker det eg tjener på fotooppdrag til vedlikehald og til investering i nytt utstyr. Dette kan altså ikkje betraktast som svart arbeid.

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.

 

Mvh

Kristoffer Nærø Ytterland

www.meirenntusenord.com

 

Venligst ikkje kopier bileta utan løyve. Ta kontakt om du ynskjer fotoutskrift av nokon av motiva.